6.3.03

Norsk kulturhelg 2003

Norsk kulturhelg 2003 finn stad på Det Norske teatret i Oslo 28.-30. mars 2003. Norsk kulturhelg er ei stormønstring av den nynorske kulturarven, som alle institusjanane og organisasjonane i norskdomsrørsla står bak.

Media er eit av hovudtemaa for helga, med pøbbordskifte fredag og innleiing i målpoliisk råd laurdag.
Denne helga får du òg møta store norske forfattarar og nokre nykomarar, du kan få med deg store tearetopplevingar, ordskifte, omvisingar, fest og moro.

Under finn du programmet for Norsk kulturhelg 2003!
Velkomen!
Fredag 28. mars
1300-1700 «Alexander Seippel: Bibel i gangartakt» Det Norske Teatret
Bli kjend med arven etter orientalisten, bibelomsetjaren, stevsamlaren og språkkunstnaren Alexander Seippel. Seippel var den fyrste språkkonsulenten ved Det Norske Teatret og var styreleiar i Det norske Samlaget. Kunstnarar og fagfolk presenterer Seippel. Ordskifte. Nemnda: Stubseid, Lomheim og Lande skipar til seminaret i samarbeid med Det Norske Teatret. Seminaret er gratis.

1900 Ung, hipp og tabloid? Route 66, Kirkegata 32
- debatt om vilkåra for nynorsken som mediespråk.
Kva skal til for å sikra nynorsk og dialektar som mediespråk? Kva språkpolitikk vil den nye Kanal 4 føra? Kva vert gjort for at alle delar av landet skal koma til orde og korleis få meir nynorsk i riksmedia? I panelet finn du mellom andre Anne Jortveit og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

1930 «Trette menn» Det Norske Teatret
av Arne Garborg - evig aktuelle spørsmål om menn og moral.

2000 «Musical Musikal» Det Norske Teatret
Velkomne til ein glitrande nostalgisk kveld saman med alle dei ugløymelege rollefigurane frå 90 år med musikkteater.

2000 «Seie-Seiarens song» Det Norske Teatret
av Daniel Danis. Kva gjer tre brør med ei fallert countrystjerne som lyser om natta?

Laurdag 28. mars
0930-1330 Målpolitisk råd Det Norske Teatret
Innleiing om kultumedlinga ved Ottar Grepstad, driektør ved Nynorsk kultursentrum og Magni Øvrebotten, distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane, innleier om nynorsk kompetansesenter i Førde.

1000-1100 Prisdryss frå Det norske Samlaget Det Norske Teatret
Pressekonferanse med utdeling av Alf Helleviks mediemålspris, Melsomprisen, Samlagsprisen, Alfred Andersson-Ryssts pris, Fridthiov Oos`pris, Guro Sandsdalens minnepris og Hulda Garborgs stipend. I tillegg vert nynorsk fagbokfarfattar-stipend delt ut for fyrste gongen under prisdrysset.

1200-1215 Lunsj og Lyrikk Det Norske Teatret
Stortingspolitikarane Sigvald Oppebøen Hansen og Magnhild Meltveit Kleppa les favorittdikta sine.

1300-1400 Omvising på Stortinget Stortinget
Løvebakken mållag tek deg med rundt i Stortinget. Møt opp på Løvebakken i god tid.

1300-1345 EventyrForteljeTeaterStund Det Norske Teatret

1400-1530 Årsmøte i Det norske Samlaget Det Norske Teatret

1530-1700 Litterær kafé Det Norske Teatret
Lyrikk-debutanten Hildegunn Dale, kritikarroste og spennande Olaug Nilssen utgjer saman med den etablerte og produktive Oskar Stein Bjørlykke eit sterkt lag. Når også Jørgen Norheim, nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, kjem for å lesa, borgar det for at den litterære kaféen vert ei minneverdig litterær oppleving. Dessutan les vinnarane av Samlagsprisen og Melsomprisen. Kafévertar er Finn Totland og Margit Walsø.

1730 «Trette menn» Det Norske Teatret
av Arne Garborg - evig aktuelle spørsmål om menn og moral.

1800 «Musical, Musikal» Det Norske Teatret
Velkomne til ein glitrande nostalgisk kveld saman med alle dei ugløymelege rollefigurane frå 90 år med musikkteater.

1800 «Seie-Seiarens song» Det Norske Teatret
av Daniel Danis. Kva gjer tre brør med ei fallert countrystjerne som lyser om natta?

2100 Kveldssete Det Norske Teatret
«Fisken har smilet i halen», eit songprogram med kvintetten Bork.
Enkel servering. Pris: 50 kroner

Sundag 30. mars
1100 Nynorskgudsteneste i Trefoldighetskyrkja
Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo syng.

1230 Kyrkjekaffi i Teatersalen Rosenkrantzgate 8

1400 Årsmøte i Det Norske Teatret Det Norske Teatret
Registrering frå 1200.


Annan informasjon

Overnatting
Hotell Bondeheimen gjeve eit spesialtilbod på overnatting i samband med kulturhelga. Dersom du tingar rom før 10. mars kan hotellet garantera deg fylgjande prisar: 550 kroner for overnatting i enkeltrom og 650 kroner for dobbeltrom. Prisane gjeld per rom per døger og inkluderer frukost.

Hotellrom tingar du anten på telefon 23 21 41 00 (8-16) eller på e-post: booking@bondeheimen.com. Hugs å oppgje referansenummer #640 og gruppekode NKH28 for å få rabattar.

Billettar
Billettar til framsyningane og EventyrForteljeTeaterStund må tingast føreåt på telefon 22 42 43 44. Billettar til kveldssetet kjøper du i døra.

Påmelding til Seippelseminaret
Seminaret er opne slik at interesserte kan møta opp fredag morgon. Tilskiparane oppmodar likevel om at folk melder seg på til Ragnhild Bjørge. (E-posttilskrift under)


15.1.03

Norsk kulturhelg 2003

Spørsmål kan rettast til kulturhelg@nynorsk.no